søndag 27. desember 2009

Mitt uteliv er no på pause.

Igår var det min siste dag ute på by'n med venner og kjente. Eg storkoste meg.
Møtte på mange gamle bekjente, venner og møtte til og med noken nye folk.

Overalt var det fullt.. På hotellet, på min og din, og på Jibben.
Og det kan eg skjønne.
Men det eg ikkje skjønner er kvifor kvinnfolk i høge hæler skal på jibben?
Du har liksom en bratt og glatt bakke, og jentene har på seg hæler. Du kan jo tenke deg sjøl korleis det kan gå.
Og kvifor gå med høge hæler på glatt føre egentlig?
Når eg seier høge hæler så meiner eg altså da stilletthæler på finsko, som eg håper ikkje blir ødelagt pga snøen, og ikkje sånne hæler som er berekna på vinterføre.
Men komisk var det å sjå på.

Også var det så greit at eg ikkje var den einaste i Måløy by som var edru. Eg hadde med meg ei god venninde som bestemte seg for å vere sjåfør for kvelden :P
Så ho var edru og.
Ganske koselig.

Og da eg var på vei heim igjen så snødde det så fint, så fint.
Og da eg våkna idag (takket vere mamma) så hadde snøen lagt seg så fint over heile måløy.

Ja, mamma vekte meg idag tidlig.
Det var no egentlig snakk om at mamma, pappa og siri skulle til Vatne, dei skulle kjøre onkel Arvid heim igjen.
Men pga snøfallet inatt så vil egentlig ikkje pappa kjøre på dette føre, og mamma og pappa stresset med å finne en buss som onkel Arvid kunne ta.
Det viste seg til slutt at dei bussene eg fant, ikkje var godt nok, og pappa bestemte seg for å kjøre onkel halvveis. Slik at han er heime før det muligens begynner å regne.

Så no er eg også gretten og trøtt fordi dagen min er ødelagt. Eg hadde no lagt planer med barnefaren idag, men det ser ut til at vi må muligens utsette det. BLÆ!!!

JauJau, kan ikkje råde over været, og eg er faktisk glad for at det er snø.. Håper det blir en del fine snøbilder idag.

Vi ser.



0 kommentarer: