torsdag 3. desember 2009

Lurer på kva babyen tenker.

Idag sto eg opp ganske så tidlig, sjøl om eg ikkje skal begynne på jobb før seint. (om en time for å vere nøyaktig)
Men pga ei lita jente inni magen som sparker og strekker seg for å få oppmerksomhet klokka fem om morgonen så sto eg da altså opp.
Gjekk inn på stova og begynte faktisk å prate til ho. Men er litt usikker på om det funket da, for ho vart ganske så urolig inni der.
Så eg gjekk på kjøkkenet og fekk meg noke å spise og drikke.
Etter en god brødskive og et godt glass melk gjekk eg og la meg igjen.
Men likevel så rørte ho på seg inni der. Og eg kunne ikkje unngå å tenke: kva tenker ho på?

Også kom eg fra til at dette er det ho tenker klokken fem om morgonen.
Ja, da ligger eg her igjen da, mamma virker ganske så rolig, kva gjer ho på? 
På tide å plage ho litt. Skal vi sjå, ho får no vondt vis eg sparker ho her (ribbeina) og der ( der magesekken er), også lager vi kollbøtter og salto, da får eg hennes oppmerksomhet. Eg får virkelig ikkje nok oppmerksomhet på denne tida. Kvifor ikkje??
................................ Oi Oi Oi, no skjer det noke, ho rører på seg. Da sparker eg meir. 
Oioioi, ho reiser seg opp. Endelig.... 
Ahhhh, deilig å høre mammas stemme. Men eg skjønner ikkje kva ho snakker om. 
Oi, no går ho igjen... Kor ho skal no da? 
Åja, mat. Det er bra det. Så vokser eg stor og fin. Men kvifor rører ikkje ho på seg lengre igjen da? Prat til meg *spark*......... 
Nei, egentlig er eg lei av å sparke og slå, kanskje eg skal slappe av litt...  Det har begynt å bli så liten plass inni her og, kan jo nesten ikkje bevege meg. Glad det bare er to måneder og en dag igjen til terminen. 

0 kommentarer: