torsdag 25. februar 2010

Da prøver vi igjen.

Bloggen har vore litt teit den siste veka. Kvar gong eg har prøvd å få inn et innlegg så stopper heile sida opp. Ganske så irriterandes.

Men no prøver vi da altså igjen.

Eg har no vore mamma i to veke og en dag. Og steike tid sånn eg har storkost meg.
Eg tror eg har fått den snillaste lisjejenta. Nesten kjedelig egentlig. Men eg skal egentlig ikkje klage. Ho er så skjønn, og snill, og bare veldig veldig perfekt på alle måter.
Kunne ikkje hatt en bedre datter.

Denne veka har eg sendt bilder til mine kollegaer i Bergen, så dei får sett den lille jenta mi.
Også har ho fått navn! Ho skal heite Mariann!
Det er en blanding av begge bestemødrene sitt navn. Mormor heite Maria, og farmor heite Ann Karin, så da vart det Mariann.
Og navnet passer ganske bra til ho også.

Er ikkje så mykje som har skjedd denne veka med lisjejenta, men det kjem no med tida.
Eg har innsett denne veka at eg er egentlig ganske heldig.
Eg får den hjelpen eg trenger her heime. Mamma har ikkje noke imot om å stå opp midt på natta sammen med meg og hjelpe til med jentungen. Av og til må eg vekke mamma, men av og til hører mamma barneskriket og våkner av det.
Søstrene mine er der for meg og hjelper til vis det er noke.
Var blant anna en kveld eg var så trøtt at eg bare ville gå og legge meg, og Linda og mamma sa eg bare kunne gå og legge meg, så kunne dei passe på jentungen fram til ho sovna.
Eg bare tenker på korleis det ville ha vore vis eg var aleine. Tenk kor utslitt eg hadde vore da.
Så eg er ganske heldig, syns no eg da.
Dessuten har eg jo den snillaste jenta ever, som nesten aldri griner, med mindre ho er skikkelig svolten eller har veldig vondt i magen.


Idag fekk eg også HELT-drakta mi.. Den er litt morsom, for eg ser ut som en tofarga teletubbie når eg har den på meg. Eg bestilte i str M, men den ser ut som en str L.
Jaujau, den er no behagelig å ha på.

Nei, no skal eg kose litt med Mariann.


onsdag 17. februar 2010

Bilder av babyen på bloggen.

Eg kjem til å legge ut bilder av babyen på bloggen, etterkvart.
Eg må tenke meg om først om det er noke eg vil gjer.
Tror eg begynner å bli litt for overbeskyttande. Eg er veldig forsiktig med å legge ut bilder av ho, har eg lagt merke til, og sender bare bilde av ho over msn til folk eg kjenner. Men er ikkje mykje bilder eg har av ho på Facebook eller her på bloggen, men det er fordi eg vil vere forsiktig med å legge ut bilder. Veit aldri korleis det bildet kan bli misbrukt.

Men skal nok vise ho fram etterkvart. Skal nok ta meg tida en dag og photoshoppe inn en signatur på bildene eg legger ut. Må bare finne meg tida til å lære meg det, og tida til å gjer det.
Er ikkje mykje man har tida til når man er blitt mamma.

Prinsessa sover og mamma har ingenting å gjer på.

Idag har eg vore mamma i ei veke.
Den beste veka eg har hatt til no. Eg har blitt forelska helt på nytt igjen.
Det er ett eller anna med øynene som ser på deg og lurer på kven du er. Ett eller anna med smilet som smelter ditt hjerte kvar einaste gong.
Man blir så glad inni seg når man ser på ho.
Eg elsker min lille jente.

Eg tror ho er den snillaste jenta ever! Griner bare når det er noke, og sover for det meste, spiser det ho skal, og sover akkurat lenge nok. Har vore stunder ho har vekt mammaen sin midt på natta fordi ho er svolten, men dei fleste gongene finner eg ho i senga si, stirrandes opp i taket, lager strekke-seg-lyder, klar til å bli skiftet bleie på og matet. Får no bare håpe denne perioden varer en god stund framover.

Men så har det vore stunder der eg har måttet vekt mamma fordi eg ikkje klarer å bysse ho i søvn. Var en morgen her, eg sto opp halv seks. Matet jenta, skifta bleie, fekk ho til å rape og koste med ho. Men ikkje pokker om ho ville sove. Eg var oppe i tre timer, såg litt på OL, og bysset ho, men ho ville ikkje sove.
Halv ni måtte eg bar gå inn til mamma og spør om ho kunne prøve å få ho i søvn, eg måtte sove litt før neste gong eg skulle opp og mate ho.
Ca en time etterpå våkner eg og da seier pappa at det tok mamma FEM MINUTTER før jentungen var sovna.
Tsss, seie no bare eg. Eg som gjorde ho trøtt før eg ga ho til mamma, er vel bare det at mamma sine armer er mykje koseligare å sovne i enn mine :P
Men mamma har ikkje noke imot det.
Har vore netter eg skulle ha matet jentungen, også sitter eg vanligvis på stova og gjer det, også kjem mamma tusslande inn og sjekker til oss.
Mamma trives ganske godt i bestemor- rolla kan eg tenke meg.

Alle har vore så behjelpelige etter at eg har komt heim fra sjukehuset, så eg er ganske heldig må eg sei.
Men eg prøver å ikkje utnytte det, bare vis eg virkelig trenger det. Eg får no heldigvis slappe av i fred og ro når jentungen sover.
Og det virker som at ingen har noke imot litt grining fra ho heller. Pappa seie bare at det er bare å la ho grine, for da får ho trent lungene. Eg seie at det må han huske på når klokka er tre om natta og ho griner som bare pokker.

Men men, sånn er det å ha en baby. Kan ikkje tro at ho er ei veke alt. Veka har gått litt treigt, men eg har ikkje fått slappet av så mykje som man skulle ha ønsket, men eg klarer ikkje å sove når ho ligger rett ved siden av. Da må eg bare sjå på ho.

Men no skal eg sjå om eg har tid til litt MEG før ho våkner. Sette meg ned og lese litt i Twilight boka med kvelds.

fredag 12. februar 2010

Oh the pain....

Det er min tredje dag som mamma, og eg trives. Eg har fortsatt vanskeligheter med å innse at eg er blitt mamma til ei skjønn lita jente som likner masse på meg.
Men sånn er det når ho plutselig er der.

Dagane har gått for det meste i å sove og slappe av, og lære meg å amme.
Ammingen går helt fint, sånn passe iallefall. Eg er no under opplæring.
Men idag har ammingen vore helt vanskelig.
Inatt da eg skulle mate den lille jenta, så var ho så ivrig at eg våkna med ømme bryst, og fant ut på dagen at det er helt umulig for meg å amme. Så eg har pumpa meg for det meste idag da. Men imåra skal eg tilbake til ammingen. Eg skal klare det før eg reiser heim igjen.

Har no vore en del tester og samtaler idag. Snakket om korleis eg opplevde fødselen og kva slags følelser eg har til framtida.
Og for å sei det kort oppsummert: fødselen gjekk helt fint. Raskare enn eg trudde, og når alt var over, så kjennes det ut som at alt var en drøm. All smerten, utmattelsen og følelsene man hadde under fødselen.
Og kva framtida angår, så ser den ganske lys ut. Eg har ei skjønn lita jente som blir avhengig av meg no dei nærmaste månedene/år, og etterkvart bli uavhengig og til slutt klare seg sjøl.
Men eg kan ikkje bli lykkeligere no.

Eg er faktisk så glad at det nesten gjer vondt.
Men no er det natta for meg og den lille.

onsdag 10. februar 2010

Det må bli verre før det blir bedre. Og dette er det beste.

Må vel skifte navn på bloggen min no. For no har ikkje eg noke magisk mage lenger, men heller en fortryllende datter.
Jepp, no har ho funne seg veien til verden.
Men ho har hatt en lang reise.

Mandag 8.2.2010 rundt klokka 17.00 fekk eg min første rie. Eller eg viste ikkje om det var en rie for sikkert, men etter at det gjentok seg en gong kvar time så begynte eg å skjønne et mønster. Eg hadde begynt på det som kom til å bli en lang reise.
Etter klokka 17.00 og ca kvar time etter det kom det altså rier, dei var ikkje så vonde, og varte i ca 30sekund.
Men eg hadde no lest det at man skal ikkje stresse seg til sjukehus med mindre det er ti minutt mellom riene, eller at vannet har gått.
Men mamma, ho ville no at eg skulle ringe fødestua for alt og ingenting.
Eg fekk litt blod i trusa, noke som er vanlig når mormunnen opner seg, og ho ville ringe etter ambulanse.
Eg sa at slimproppen gjekk, ho ville at eg skulle ringe etter ambulanse.
Eg sa at vannet gjekk, og da ringte eg etter ambulanse.  Men det som var så rart når vannet gjekk, var at ikkje alt vannet gjekk på en gong, men litt og litt. Men til sjukehus måtte eg.

Så etter en lang natt med null søvn, reiste eg og Linda innover til Eid i ambulanse klokka 0700 om morgonen.
I ambulansen fant vi ut at eg hadde rier kvart sjuande minutt ca.
Kom på sjukehuset,  fekk på meg sånn registreringsgreie, skulle måle hjerterytmen til babyen og registrere kor ofte eg fekk rier.
Den maskina vart eg kobla til fleire gonger iløpet av dagen, men det var no ganske normalt.
Men heile tirsdagen gjekk da til å bare sitte og vente. Fekk rier i ny og ne, og dei varte opp til et minutt. Fekk faktisk sove litt også midt på dagen, også dabbet eg av fleire gonger. Måtte jo spare på kreftene.
Tirsdags kveld da begynte riene å bli skikkelige smertefulle, og eg ville ha noke smertestillende. Men siden riene var ti minutt mellom kvarandre så fekk ikkje eg det.
Heile tirsdagen så varierte riene. Dei kunne komme ned i fem minutt mellom kvarandre til opp til en halv time også synke ned igjen til fem minutt. Men det er vist normalt.
Rundt midnatt fekk eg sånn ekkel nål i handa, og eg hater nåler!


Den skulle eg ha i tilfelle eg måtte bli satt på antibiotika. Var fare for infeksjon sida vannet fortsatte å lekke. Men eg spurte etter akupunktur før eg gjekk og la meg. Det som er rart, er at eg takler akupunktur, men ikkje sprøyter og nåler i handa.
Men anyway, der fant da altså ho jordmora ut at eg hadde tre- fire cm opning og det var bare for meg å legge meg inn på fødestua.
Så eg måtte no ringe barnefaren og be han komme atter en gong til Eid vis han ville vere med på fødselen. Og han kom han. Han hjalp meg utrolig mykje gjennom dei seks neste timene, og eg er utrolig glad for at han var der.

Det som skjedde da, etter at eg flyttet meg inn på fødestua, var da altså det at eg begynte på lystgass. Kvar gong eg fekk rier, skulle eg puste inn lystgass. Og det funket. En liten stund iallefall, men smertene var der. Men eg var i bedre humør.
Eg fekk vite at opningen opna seg ca en cm for kvar time. Men det var dei to siste cm som ikkje ville samarbeide skikkelig, så dei brukte lang tid. Også fekk ikkje eg det smertestillende eg ville ha før eg hadde full opning. Og full opning fekk eg ca kvart på seks.
Kvart over seks fekk eg verdens vakraste skapning på magen. Og ho grein med en gong, det var så deilig å høre.
Barnefaren fekk klippe navlestrengen, og etter at eg fekk ut morkaken så var det avsted og måle og veie ho.

Der viste det at ho er 3330g og 48cm lang.
Men ho er så liten. Er så rart at eg hadde noke så lite inni magen i ni måneder.
Men eg må sei tl slutt, all den smerten man kjenner og får under fødselen er totalt verdt det.
Det var mange ganger eg bare hadde lyst å gi opp, men det var fordi eg var så trøtt og sliten, og ville bare få det overstått. Men når man har ungen på brystet og koser med det for første gong, så glemmer man alt som hadde med smerte å gjer. Akkurat no virker det som at eg aldri hadde smertene, for eg syns at alt gjekk så fort at man får liksom aldri tid på å tenke tilbake på smertene. Og det er ganske umulig å tenke på smertene når man ser ansiktet på noke du har skapt, og som virker for god til å vere sann.

Så no er eg blitt en mamma. Selv det er rart å tenke på. Men eg er helt i ekstase. Klarer ikkje å ta øynene vekk fra ho. Men det hadde ikkje du heller vis du har dette å sjå på kvar dag.
 
Og akkurat i dette innlegget bryr ikkje eg meg om at eg er usminka og sliten og ser helt forferdelig ut, for eg fekk noke fantastisk ut av det.  

lørdag 6. februar 2010

Hva skal vi finne på nå'a?

Da satt vi her igjen da, en koselig lørdagskveld. Nettopp sett ferdig melodi grand prix finalen på NRK1, og eg må sei, vart litt skuffa.
Sangen minner meg om Josh Groban sin You raise me up, så kvar gong eg tenker på you raise me up, så kommer eg til å tenke på sangen til han Didrik fyren.


Men men, gjort er gjort. Eg skal no egentlig ikkje klage. Eg stemte no ikkje så mange gonger heller, men tror det ville ha hjulpe lite.

Men ellers sitte vi bare her og venter.
Imåra skal vi gjer ferdig rommet mitt og babyen.
Og no skal eg sjå American Pie 2. Utrolig lenge sida sist eg såg den filmen.

fredag 5. februar 2010

Det sniker seg innpå deg og skremmer deg med et smell!


I heile dag har eg gått med en tom følelse i mage, underlig nok sida magen min er fullt av liv, men eg har no gått med en sånn tom følelse fordi. Og eg har ikkje vist kva det kan vere.
Nervøsitet? Nei, det er ikkje akkurat den rette tida for det ennå.
Svolt? Nei, eg har spist god middag og epler som vanligvis hjelper.
Og eg har tenkt og tenkt på kva det kan vere.
Så eg gjekk og slappet av litt, sånn som eg alltid gjer midt på dagen. Og plutselig bråvåkner eg og viste kva eg ville ha! BROWNIES!!!!
Eg har da altså fått kakemonsteret på besøk igjen denne helga.
Så no må eg opp på Rema og handle inn til brownies.

Også jobber Linda idag, så eg tror neppe ho kjem til å bli glad for å sjå meg oppegåande og glad, isteden for med rier og smerter.
Essda, får bare kjøpe en ekstra pakke med brownies som eg lager spesielt til ho, da blir ho glad. Blogglisten

torsdag 4. februar 2010

Sovna med vond rygg, våkna med vondt rygg en stk vond tå!

Ja, da var den store dagen her. Altså termindagen, men gjett kva! Ingenting har skjedd ennå.
Var til jordmor idag på siste kontroll, der eg også klagde på ryggen. Der fekk eg bare beskjed om at eg skal på overtidskontroll i neste veke på Eid.
Sooooe, da får vi bare vente da.

Det er no fortsatt fem timer igjen av dagen, og alt kan skje på dei fem timene, men eg tviler.
Eg har gjort det alt for koselig for ho inni magen.
Men ut skal ho en dag. Eg får bare vere tålmodig. Og det må nesten alle andre også vere.


Blogglisten

onsdag 3. februar 2010

Tolmodighets test.

For to veke sida tenkte eg at dei to siste vekene i svangerskapet skulle gå kjapt. Men akk nei, tvertimot faktisk.
Desse to siste vekene har gått så utrolig sakte, det skal ikkje gå ann.
Eg tror det at dersom eg hadde vore litt meir aktiv og funne meir ting å gjer på dei to siste vekene så hadde tida gått fort, men sida eg kjenner jentungen presse seg nedover og gjer bekkenet ømt og sårt kvar gong eg skal gå et steg, så har det vore vanskelig for meg å gå, og eg har tilbrakt mesteparten av tida i ro.

Men den siste tida har no ryggen blitt verre og, særlig idag. Fy svarte så vond den har vore idag.
Glad eg skal til jordmor imåra. Vis det ikkje skjer noke iløpet av kvelden da.
Pappa ville no ha meg med på rånetur rundt i Måløygatene sida det er så dårlig måkt der, og det er masse humper  veiene. Han virker litt lei av å vente som alle oss andre.

Eg kan skjønne det at dei siste dagane i svangerskapet er lange dager. Man har vondt, kan ikkje gjer så masse, gleder seg noke så sinnsykt til man får holde ungen i armene og kose, men likevel grue seg til alle dei timene med smerte og skriking og nervøsitet for om ungen kjem ut i god behold eller ikkje.
Desse tankene har okkupert mine tanker i det siste. Tenk om det skjer noke under fødselen, tenk om legen mister ungen på golvet, tenk om eg får feil smertestillende, tenk om fødestua på Eid er så full at eg må til Volda eller Førde. Vis det er tilfelle så velger eg faktisk Volda, for der vart eg fødd.
Eg skal no egentlig ikkje tenke sånne tanker, men man kan egentlig ikkje noke for det. Men vi satser på at alt går bra.

 Imåra skal eg da altså til jordmor igjen, siste sjekk før babyen kjem da. Men off, må opp så tidlig.
Idag sto eg opp tidlig, klokka var vel rett før 11. Vanligvis står ikkje eg opp før tolv- ett pga eg ikkje får sove før tre-halv fire. Men eg tror jentungen hadde det skikkelig kjekt inatt med å klemme på blæra. For aldri i heile svangerskapet har eg gått så mykje på do sånn som inatt. Da var det opp nesten kvar time- halvannen time for å gå på do. Stress!!!

Men men, bare en dag igjen til termin. Men no lurer eg på om eg kjem til å gå overtid faktisk.
Eg hadde jo alltid trudd at eg skulle føde for tidlig, men eg har vist gjort det alt for koselig og behagelig for å vere der inne, at ho vil bli der. Selvfølgelig ville no eg også ha blitt der inne. Aldri i livet om eg ville ha komt ut til kalde vinterdager, når eg har det godt og varmt inni mamma sin mage.
Men så får vi sjå. det er to timer igjen til det er midnatt, og det er 24 timer i et døgn. Og alt kan skje på dei 26 timene som er igjen før eg seier at det har gått overtid.

Det som er rart å tenke på er at på denne tiden neste veke, så har eg en baby i mine armer. Blogglisten

tirsdag 2. februar 2010

I got my Kirby!

Det er altså det eg kaller Corby-en min :-P
Har nok spelt for mykje smash brothers på wii sida det er der eg har Kirby ifra.
Men anyway, eg fekk altså da Corbyen min idag, Samsung Corby. God telefon må eg sei. Ganske grei å bruke. Ikkje det at eg har fått så mykje tid med å leike med den ennå, men den er bra.

Eg var faktisk ganske flink idag og. Eg og Linda gjekk faktisk opp til Kiwi for å hente pakken der. Vi brukte en time fram og tilbake, når man egentlig trenger bare å bruke en halv time eller noke. Men pga min store mage så gjekk det da altså litt seinare.
Og da eg kom heim igjen, fy svarte så vondt eg fekk da. Eg sliter faktisk med å gå opp trapper no.
Eg hadde no egentlig håpt på det at den gå-turen skulle utløse noke, men akk nei.
Ikkje idag, og både eg og Linda vart litt skuffa. Men det er no tross alt to dager igjen til termin, så vi får bare vente og sjå. Eg har egentlig goood tid, men har ikkje lyst å ha så masse smerter i ryggen. Det at eg i det heile tatt klarte å gå til Kiwi idag var utrolig. Og det er ikkje langt å gå heller. Men smertene er no der.
Så no dei to neste dagene skal eg ligge flat ut på sofaen og bruke den yngste systra mi som en slave. Eller Linda, spørs ken som er mest glad i meg.

 
Corby
Og
Kirby 
 



Blogglisten

mandag 1. februar 2010

Den store dagen.......

 ..........var heller ikkje idag...
Men formen har vore bedre idag da. Har ikkje hatt så mykje smerter idag slik som eg har hatt dei siste dagane da. Men som ordtaket seie: det er stille før stormen.

Gleder meg til imåra da, for da får eg muligens pakke i posten.
Også skal eg tippe for resten av veka. Sånn i tilfelle eg skal føde en dag.

Men no er det tre dager igjen til terminen.
Det første mamma sa til meg da eg våkna idag var: Ikkje ennå? Og Linda ba meg bare knipe igjen sida ho skulle på jobb idag. Så ho ber nok meg føde før fredag, sida ho skal på jobb da og.
Men jenta kjeme når ho kjeme.
Eg har allerede bestemt meg for at dersom mamma er på jobb, så skal eg ringe sjefen til mamma og be mamma komme heim igjen.
Linda skal bare vere med på ambulanseturen. Så da tenker eg at dersom Linda er på jobb, så stopper vi bare på Rema og henter Linda, kjører til sjukehuset, også betaler eg taxi tilbake slik at Linda kjem seg på jobb igjen. Høres ikkje det greit ut, Linda?




Blogglisten