torsdag 31. desember 2009

Mitt 2009 og mine nyttårsfortsett.

Kan ikkje sei at det er så mykje som har skjedd i 2009.
Eller at eg husker så mykje av den.
Men her er no det eg husker.

Januar: et nytt år begynte og eg lagde mange nyttårsfortsett som eg ikkje har klart å holdt.

Februar: eg falt og sklei på isen på vei til jobb, som førte til at smertene i ryggen og beinet mitt vart bare verre og verre. Kunne ikkje jobbe skikkelig på noken dager etter det fallet nei.

Mars: Mamma og pappa gifta seg på bursdagen til pappa etter å ha vore samboer i over ti år.
Var den måneden eg og barnefaren vart skikkelig kjent med kvarandre.

April: Var en helt vanlig og usaklig måned. Systra mi Linda vart no 19år den 25.april da.

Mai: Ifølge terminkalkulatoren så vart eg befrukta denne måneden. Også husker eg mykje grilling og kos i Sandviken i Bergen.

Juni: Denne måneden tok eg mi siste fyllekule. Hadde no ikkje planer om å bli så full slik som eg vart da, men takket vere ei venninde av meg, så endte det med at haud mitt var i do på slutten av kvelden og ropte på elgen.
Var også denne måneden eg var på MR for å sjekke etter betennelse i ryggen og hofta.

Juli: Fant ut i begynnelsen av måneden at eg er gravid. Det kom som et sjokk på meg. Og barnefaren for den saks skyld. Tok meg mange dager før sjokket hadde sunke inn.
Fekk vite i samme brev at eg har skiveprolaps.

August: Tilbake i arbeid, og fortelle nyheten til mine arbeidskollegaer.

September:  Var til forskjellige fysioterapauter til behandling, men dei sa dei ikkje kunne gjere så mykje pga eg var gravid.

Oktober: eg flyttet ned til barnefaren etter noken uenigheter mellom meg og den tidligare husverten. Begynte også på ny arbeidsplass. Var en stor overgang fra å jobbe i barneskule til barnehage.

November: Denne måneden var ekkel for meg. Eg følte at eg var paranoid heile tida, og hadde sånne ekle drømmer og følte eg mistet kontrollen.

Desember: En måned som gjekk fort, men en måned fylt med nyheter.
Barnefaren fekk seg blant anna jobb og vart onkel den samme veka.
Eg fekk masse barneutstyr i julegave, ergo spart masse penger iallefall dei par første åra.
Eg flyttet heim igjen til min familie for permisjonsåret.
Snøen kom og vi fekk en kvit jul, og sånn som det ser ut idag så får vi en kvit nyttårsaften også.
Eg fekk vite at ei venninde av meg er også gravid, har termin bare noken dager etter meg.
Og eg fekk fare ut og "feste" litt før eg ikkje kan gjer det meir.

Så alt i alt så har 2009 vore et fantastisk år.
Bare synd romantikken ikkje hadde helt gått som planlagt, men håper den blir bedre til neste år ;)

Eg veit at no passer det å legge ut noke bilder, men eg gidder rett og slett ikkje å bla igjennom fleire 100vis av bilder for å finne ut kva som vart tatt i den måneden.

Og her kjem mine nyttårsfortsett. Det er ikkje masse, men det er viktig. Og det er meir som mål for det permisjonsåret eg er heime enn nyttårsfortsett. Men det er løfter eg har lovd meg sjøl.
- sorterer bildene eg tar etter måned.
- vere en god mor.
- spare penger.
- ta lappen.
- muligens kjøpe meg bil.

GODT NYTTÅR ALLE SAMMEN. KOS DOKKE PÅ DEN SISTE DAGEN I 2009!

0 kommentarer: