tirsdag 29. desember 2009

It's all goood, and some things are not that good.

Dagen idag kune ha vore bedre, men eg klager ikkje.

Starte med at eg egentlig skulle til sentrum og shoppe litt for dei pengene eg fekk til jul. Tenkte en ny lommebok eller noke.
For etter nyttår så blir det lite shopping på gang.
Så eg sa til pappa at eg ville bli kjørt inn i halv to tida, også kunne eg gå og traske i sentrum i en time ca, siden eg skulle til jordmor i halv tre tida.
Joda var greit det, sa han.
Men kven var det som ikkje var heime halv to? Jo han. Han hadde jo ikkje sagt ifra at han skulle kjøre no engong. Og det var det første eg vart irritert for idag.

Så det vart ikkje shopping på meg.
Men eg kom no meg til jordmor.
Og der satt eg og venta i ca 20 minutt før eg kom inn til jordmor.
Det var andre gong på kort tid eg vart irritert.
Men da eg kom meg inn så gjekk alt greit.
Babyen hadde vokst fint og normalt, og eg hadde lagt på meg litt sida første desember. Der legger vi skylden på jula.

Men imåra håper eg på shopping.
Blir no uheldigvis bare en liten shoppingtur.

Eg sitter og venter på noke penger som skal komme inn på konto, egentlig skulle dei pengene vore inne på konto i begynnelsen av måneden, men fordi den tidligare husverten min skal drive å rekne ut kor mykje eg skylder han for diverse ting og tang, som han egentlig ikkje har rett på, så tar det evigheter før eg får dei pengene.
Eg trodde depositumpenger bare skulle dekke ting som har blitt ødelagde iløpet av den tida eg har budd der, og ikkje for diverse husholdningsartikler som eg har brukt.
Eg blir så irritert pga det.
Det er evigheter siden eg skulle hatt dei pengene, rettere sagt 1.des. Men pga han skal trekke meg for mykje rart, så tar det vist lengre tid. Eg blir så sinte.
Jau jau, etter nyttår skal no rentene stige, og det vil sei at eg skal ha meir renter på depositumet mitt sida eg ikkje har fått det tilbake ennå.

Får no håpe eg får en god start på året. Og får i orden alt.



0 kommentarer: