fredag 8. januar 2010

Min fredag i Bergen.

I et tidlegare innlegg så skreiv eg om det at folk klager over kulda osv osv..
Og vel; etter en dag i Bergens gater skjønner eg kvifor: Folk går no så tynt kledd som mulig. Er det noke rart dei klager da? Einaste fornuftige folk eg har sett er eldre folk med pelskåpe helt ned til beina og ei dau katt på haude. Eller bever, alt etter kas farge dei har. Men ungdommene og dei som er litt eldre enn meg, altså vi kan sei dei under 45, dei går med tynne tynne bukser, jakker, genser, osv osv og fryser. Dei er flinke til å bruke luer da, og noen bruker votter, men ikkje alle.
Også er dei flinke til å bruke støvletter med for inni, nesten skikkelige vintersko altså. MEN da eg kom til Bergen igår kveld så vart eg faktisk sjokkert... For tenk deg dette her:

- Det er kaldt og mørkt, dei eldre fryser, selv om dei er godt påkledd. Snøen på fortauet ser ut til å nesten ha forsvunnet for det blotte øye, eller så er det bare mørket som har gjort at den mørke, stygge og slapsete snøen går så fint inn i den mørke skygge utenfor lys. Forbi går ei dame i sine beste år: 20årene. Ho var skikkelig staset opp, rettet ut håret sitt og det flagret så fint i den kalde vinden, det samme gjer den tynne jakken ho har på seg, men ikkje lukket. Under jakken ser du en tynn genser som går litt ned over låra, men ho har heldigvis en strømpebukse på seg, får håpe det var Pierre Liangerie. (etter mi meining er dei det beste strømpebuksene man kan få no i vinterstida) Beina hennes var lange og man skulle tro dei fortsatte i evigheter nedover, så man følger dei beina nedover og ser på skona. HØGE STØVLETTER MED SPISS HÆL OG IKKJE NOKE SÆRLIG VINTERSKO ER DET SNAKK OM HELLER. Ho går med små forsiktige steg, mest sannsynlig for å ikkje skli på den glatte og mørke slapsen på fortauet. Men forbi bussholdeplassen der eg sitter kjem hun seg forbi. Og en liten stemme inni meg seier: håper hun kommer seg trygt forbi torgalmenningen i dei skona. ( for som mange bergenserar veit, så er det såpeglatt og ekkelt å gå på torgalmenningen når det er slaps)

Men uannsett, tilbake til idag.
Eg hadde no kledd godt på meg og gjekk ut da. Og kom ikkje heim igjen før litt før ti.
Da hadde eg møtt Kristine, og vi satt og spiste middag, var til og med plass til dessert og det har det aldri vore før.
Så var vi på kino og såg Sherlock Holmes.

En faktisk ganske grei film. Gode skuespelarar og grei handling. Men det er ikkje en film man ser to gonger på kort tid iallefall. Men eg skal ha den på DVD.
Terningkast 4.

Men steik sånn eg har slete med bekkenløsning i heile dag da. Et under eg ikkje har kollapset midt på gata fordi eg hadde så vondt. Begynte idag tidlig med bare noken stikkninger i venstre bein, men etterkvart vart det bare verre og verre. Men no kan eg no heldigvis bare sette meg ned og slappe av.
Muligens eg speler litt wii eller ser en film.. Kanskje begge deler ;)

0 kommentarer: