torsdag 28. januar 2010

Mammablogg.

Dei siste dagane no har eg tenkt på å gjere noke anna med bloggen min. Og no når det er ei veke igjen til termin, så kvifor ikkje lage om bloggen min til en mammablogg? Altså slik at det offisielt blir en mammablogg.
Da kan eg blogge litt om min kvardag som en nybakt mor isteden for korleis det er å gå gravid med skiveprolaps.

Eg hadde egentlig tenkt å bare gjer bloggen min om til en sånn kvardagslig blogg, der eg skriver om alt og ingenting, men babyen kjem no til å ta opp mykje av tida mi, så dermed passer det ganske bra med en mammablogg.

Så fram til babyen kjem ut, så er dette fortsatt en blogg om meg som går gravid med skiveprolaps.

Og la meg sei at det har ikkje vore enkelt. Eg misunner mange gravide som går rundt på jobb heilt fram til dei må ut i permisjon. Mens eg derimot har tatt ut sjukmelding etter sjukmelding for så til slutt å få tilpasset arbeid pga visse ting eg ikkje kan gjer. Sånn som å gå tur med barna i barnehagen, det skulle eg ønske eg var med på, rett og slett fordi som en barne og ungdomsarbeidar får man kontakt med barnet på en anna måte når man går tur med dei. Eg skulle ønske eg kunne leike litt meir med dem, for det har ikkje eg gjort så mykje, men det er fordi det har vore vanskelig for meg å leike med barna nede på golvet. Eg bare lurer på korleis det skal gå med meg dersom eg skal leike med barnet på golvet.
Etter fødselen får eg behandling av ryggen, så da får vi håpe at eg blir bra igjen i ryggen.. For no er eg lei.
Lei av å våkne opp kvar morgen med vondt rygg fordi eg bare kan ligge i en stilling for tida.
Lei av å vere redd kvar gong eg skal gå ned trappa fordi eg føler eg er så tung foran at eg må bøye meg såpass langt tilbake at eg nesten faller.
Lei av å smøre meg inn med illeluktande middel på ryggen (omega) fleire gonger for dag. Man blir ikkje kvitt den lukta med en gong. Men det hjelper, men det er slitsomt i lengda.
Blogglisten
Men ei veke igjen no. Så ser vi kva som skjer.

0 kommentarer: