onsdag 3. februar 2010

Tolmodighets test.

For to veke sida tenkte eg at dei to siste vekene i svangerskapet skulle gå kjapt. Men akk nei, tvertimot faktisk.
Desse to siste vekene har gått så utrolig sakte, det skal ikkje gå ann.
Eg tror det at dersom eg hadde vore litt meir aktiv og funne meir ting å gjer på dei to siste vekene så hadde tida gått fort, men sida eg kjenner jentungen presse seg nedover og gjer bekkenet ømt og sårt kvar gong eg skal gå et steg, så har det vore vanskelig for meg å gå, og eg har tilbrakt mesteparten av tida i ro.

Men den siste tida har no ryggen blitt verre og, særlig idag. Fy svarte så vond den har vore idag.
Glad eg skal til jordmor imåra. Vis det ikkje skjer noke iløpet av kvelden da.
Pappa ville no ha meg med på rånetur rundt i Måløygatene sida det er så dårlig måkt der, og det er masse humper  veiene. Han virker litt lei av å vente som alle oss andre.

Eg kan skjønne det at dei siste dagane i svangerskapet er lange dager. Man har vondt, kan ikkje gjer så masse, gleder seg noke så sinnsykt til man får holde ungen i armene og kose, men likevel grue seg til alle dei timene med smerte og skriking og nervøsitet for om ungen kjem ut i god behold eller ikkje.
Desse tankene har okkupert mine tanker i det siste. Tenk om det skjer noke under fødselen, tenk om legen mister ungen på golvet, tenk om eg får feil smertestillende, tenk om fødestua på Eid er så full at eg må til Volda eller Førde. Vis det er tilfelle så velger eg faktisk Volda, for der vart eg fødd.
Eg skal no egentlig ikkje tenke sånne tanker, men man kan egentlig ikkje noke for det. Men vi satser på at alt går bra.

 Imåra skal eg da altså til jordmor igjen, siste sjekk før babyen kjem da. Men off, må opp så tidlig.
Idag sto eg opp tidlig, klokka var vel rett før 11. Vanligvis står ikkje eg opp før tolv- ett pga eg ikkje får sove før tre-halv fire. Men eg tror jentungen hadde det skikkelig kjekt inatt med å klemme på blæra. For aldri i heile svangerskapet har eg gått så mykje på do sånn som inatt. Da var det opp nesten kvar time- halvannen time for å gå på do. Stress!!!

Men men, bare en dag igjen til termin. Men no lurer eg på om eg kjem til å gå overtid faktisk.
Eg hadde jo alltid trudd at eg skulle føde for tidlig, men eg har vist gjort det alt for koselig og behagelig for å vere der inne, at ho vil bli der. Selvfølgelig ville no eg også ha blitt der inne. Aldri i livet om eg ville ha komt ut til kalde vinterdager, når eg har det godt og varmt inni mamma sin mage.
Men så får vi sjå. det er to timer igjen til det er midnatt, og det er 24 timer i et døgn. Og alt kan skje på dei 26 timene som er igjen før eg seier at det har gått overtid.

Det som er rart å tenke på er at på denne tiden neste veke, så har eg en baby i mine armer. Blogglisten

0 kommentarer: