onsdag 17. februar 2010

Prinsessa sover og mamma har ingenting å gjer på.

Idag har eg vore mamma i ei veke.
Den beste veka eg har hatt til no. Eg har blitt forelska helt på nytt igjen.
Det er ett eller anna med øynene som ser på deg og lurer på kven du er. Ett eller anna med smilet som smelter ditt hjerte kvar einaste gong.
Man blir så glad inni seg når man ser på ho.
Eg elsker min lille jente.

Eg tror ho er den snillaste jenta ever! Griner bare når det er noke, og sover for det meste, spiser det ho skal, og sover akkurat lenge nok. Har vore stunder ho har vekt mammaen sin midt på natta fordi ho er svolten, men dei fleste gongene finner eg ho i senga si, stirrandes opp i taket, lager strekke-seg-lyder, klar til å bli skiftet bleie på og matet. Får no bare håpe denne perioden varer en god stund framover.

Men så har det vore stunder der eg har måttet vekt mamma fordi eg ikkje klarer å bysse ho i søvn. Var en morgen her, eg sto opp halv seks. Matet jenta, skifta bleie, fekk ho til å rape og koste med ho. Men ikkje pokker om ho ville sove. Eg var oppe i tre timer, såg litt på OL, og bysset ho, men ho ville ikkje sove.
Halv ni måtte eg bar gå inn til mamma og spør om ho kunne prøve å få ho i søvn, eg måtte sove litt før neste gong eg skulle opp og mate ho.
Ca en time etterpå våkner eg og da seier pappa at det tok mamma FEM MINUTTER før jentungen var sovna.
Tsss, seie no bare eg. Eg som gjorde ho trøtt før eg ga ho til mamma, er vel bare det at mamma sine armer er mykje koseligare å sovne i enn mine :P
Men mamma har ikkje noke imot det.
Har vore netter eg skulle ha matet jentungen, også sitter eg vanligvis på stova og gjer det, også kjem mamma tusslande inn og sjekker til oss.
Mamma trives ganske godt i bestemor- rolla kan eg tenke meg.

Alle har vore så behjelpelige etter at eg har komt heim fra sjukehuset, så eg er ganske heldig må eg sei.
Men eg prøver å ikkje utnytte det, bare vis eg virkelig trenger det. Eg får no heldigvis slappe av i fred og ro når jentungen sover.
Og det virker som at ingen har noke imot litt grining fra ho heller. Pappa seie bare at det er bare å la ho grine, for da får ho trent lungene. Eg seie at det må han huske på når klokka er tre om natta og ho griner som bare pokker.

Men men, sånn er det å ha en baby. Kan ikkje tro at ho er ei veke alt. Veka har gått litt treigt, men eg har ikkje fått slappet av så mykje som man skulle ha ønsket, men eg klarer ikkje å sove når ho ligger rett ved siden av. Da må eg bare sjå på ho.

Men no skal eg sjå om eg har tid til litt MEG før ho våkner. Sette meg ned og lese litt i Twilight boka med kvelds.

0 kommentarer: