onsdag 10. februar 2010

Det må bli verre før det blir bedre. Og dette er det beste.

Må vel skifte navn på bloggen min no. For no har ikkje eg noke magisk mage lenger, men heller en fortryllende datter.
Jepp, no har ho funne seg veien til verden.
Men ho har hatt en lang reise.

Mandag 8.2.2010 rundt klokka 17.00 fekk eg min første rie. Eller eg viste ikkje om det var en rie for sikkert, men etter at det gjentok seg en gong kvar time så begynte eg å skjønne et mønster. Eg hadde begynt på det som kom til å bli en lang reise.
Etter klokka 17.00 og ca kvar time etter det kom det altså rier, dei var ikkje så vonde, og varte i ca 30sekund.
Men eg hadde no lest det at man skal ikkje stresse seg til sjukehus med mindre det er ti minutt mellom riene, eller at vannet har gått.
Men mamma, ho ville no at eg skulle ringe fødestua for alt og ingenting.
Eg fekk litt blod i trusa, noke som er vanlig når mormunnen opner seg, og ho ville ringe etter ambulanse.
Eg sa at slimproppen gjekk, ho ville at eg skulle ringe etter ambulanse.
Eg sa at vannet gjekk, og da ringte eg etter ambulanse.  Men det som var så rart når vannet gjekk, var at ikkje alt vannet gjekk på en gong, men litt og litt. Men til sjukehus måtte eg.

Så etter en lang natt med null søvn, reiste eg og Linda innover til Eid i ambulanse klokka 0700 om morgonen.
I ambulansen fant vi ut at eg hadde rier kvart sjuande minutt ca.
Kom på sjukehuset,  fekk på meg sånn registreringsgreie, skulle måle hjerterytmen til babyen og registrere kor ofte eg fekk rier.
Den maskina vart eg kobla til fleire gonger iløpet av dagen, men det var no ganske normalt.
Men heile tirsdagen gjekk da til å bare sitte og vente. Fekk rier i ny og ne, og dei varte opp til et minutt. Fekk faktisk sove litt også midt på dagen, også dabbet eg av fleire gonger. Måtte jo spare på kreftene.
Tirsdags kveld da begynte riene å bli skikkelige smertefulle, og eg ville ha noke smertestillende. Men siden riene var ti minutt mellom kvarandre så fekk ikkje eg det.
Heile tirsdagen så varierte riene. Dei kunne komme ned i fem minutt mellom kvarandre til opp til en halv time også synke ned igjen til fem minutt. Men det er vist normalt.
Rundt midnatt fekk eg sånn ekkel nål i handa, og eg hater nåler!


Den skulle eg ha i tilfelle eg måtte bli satt på antibiotika. Var fare for infeksjon sida vannet fortsatte å lekke. Men eg spurte etter akupunktur før eg gjekk og la meg. Det som er rart, er at eg takler akupunktur, men ikkje sprøyter og nåler i handa.
Men anyway, der fant da altså ho jordmora ut at eg hadde tre- fire cm opning og det var bare for meg å legge meg inn på fødestua.
Så eg måtte no ringe barnefaren og be han komme atter en gong til Eid vis han ville vere med på fødselen. Og han kom han. Han hjalp meg utrolig mykje gjennom dei seks neste timene, og eg er utrolig glad for at han var der.

Det som skjedde da, etter at eg flyttet meg inn på fødestua, var da altså det at eg begynte på lystgass. Kvar gong eg fekk rier, skulle eg puste inn lystgass. Og det funket. En liten stund iallefall, men smertene var der. Men eg var i bedre humør.
Eg fekk vite at opningen opna seg ca en cm for kvar time. Men det var dei to siste cm som ikkje ville samarbeide skikkelig, så dei brukte lang tid. Også fekk ikkje eg det smertestillende eg ville ha før eg hadde full opning. Og full opning fekk eg ca kvart på seks.
Kvart over seks fekk eg verdens vakraste skapning på magen. Og ho grein med en gong, det var så deilig å høre.
Barnefaren fekk klippe navlestrengen, og etter at eg fekk ut morkaken så var det avsted og måle og veie ho.

Der viste det at ho er 3330g og 48cm lang.
Men ho er så liten. Er så rart at eg hadde noke så lite inni magen i ni måneder.
Men eg må sei tl slutt, all den smerten man kjenner og får under fødselen er totalt verdt det.
Det var mange ganger eg bare hadde lyst å gi opp, men det var fordi eg var så trøtt og sliten, og ville bare få det overstått. Men når man har ungen på brystet og koser med det for første gong, så glemmer man alt som hadde med smerte å gjer. Akkurat no virker det som at eg aldri hadde smertene, for eg syns at alt gjekk så fort at man får liksom aldri tid på å tenke tilbake på smertene. Og det er ganske umulig å tenke på smertene når man ser ansiktet på noke du har skapt, og som virker for god til å vere sann.

Så no er eg blitt en mamma. Selv det er rart å tenke på. Men eg er helt i ekstase. Klarer ikkje å ta øynene vekk fra ho. Men det hadde ikkje du heller vis du har dette å sjå på kvar dag.
 
Og akkurat i dette innlegget bryr ikkje eg meg om at eg er usminka og sliten og ser helt forferdelig ut, for eg fekk noke fantastisk ut av det.  

4 kommentarer:

Malin sa...

Gratulere kjempemasse Lillian:) Du har ei heilt nydeli tid i vente:)

Prinsessa va bare heilt nydeli<3

Anonym sa...

Gratulere! Skjønn lita ei pie:)
Godt jobba! Lukke til vidare, tida går foort:)

veronica sa...

Naaaw :)
Høres ut som en laaang fødsel :s
MenMen prinsessa kom no ut til slutt, det e no det viktigste =D
Gratulere igjen Lillian! :)

Anne-Mette sa...

Gratulere so masse me lisje jenta Lillian :)
Ho e kjempe skjønne :)