fredag 9. april 2010

Punktert dekk, Punktert rygg, tom lommebok og en tann mindre.

Overskrifta er da altså en kort oppsummering av korleis det har vore sida sist innlegg.
Det begynte altså da en tirsdag eg var ute og skulle printe ut dåpsinvitasjonene. Vi tok oss en trilletur til måløy, sida det var så fint vær den dagen og. Så da tok vi oss en tur i Måløygata, gjekk fra polet til måløy brygge. Og da vi kom fram på måløy brygge legger eg merke til at det eine dekket på vogna er punktert! Så eg tok og fylte opp luft i dekket eg. Så satt eg meg ned, bestilte en kakao, og fikset dissa innbydelsene sida noken skulle avsted med posten samme dagen. Og da vi skulle gå igjen, la eg igjen merke til at dekket var tom for luft. Og eg tenkte: F**N, hjulet er punktert. Kva skal eg gjer no? Korleis får eg tak i nytt dekk?
Så eg sa det til pappa eg, og han skulle fikse sånne lappesaker, slik at han bare lappa igjen hullet. Men ikkje pokker om det funket. Tror han lappet sånn tre små hull, også satte han et stort plaster over dei tre lappane igjen, for lufta seig ut sakte men sikkert heile tida. Men vi fant no ut til slutt at slangen til hjulet er standardstørrelse, så vi fekk tak i ny slage med en gong etter påske.

Så idag har eg vore på trilletur med jenta mi! Vi gjekk opp til europris og tilbake. Og no sitter eg her og er redd kvar gong eg skal stå opp, for det gjer så vondt. Men å gå må eg, og tror eg og ho har godt av litt frisk luft, men da må eg ha noken heime som kan passe på ho etter trilleturen. Eller så må noken andre gå tur med ho også kan eg passe ho.
Men no har det no blitt noke framgang på behandling av ryggen min. Eg har vore til kiropraktor, der han robbet meg for nesten alle pengene eg hadde da. Men han er veldig flink, men vi fant ut at eg må til Eid igjen for å ta en ny MR-time. Og idag fekk eg brev fra Eid sjukehus med time til MR-timen. Og datoen vart 19.april klokka 1700 om ettermiddagen.
Men det er ikkje bare kiropraktor som tar pengene mine for tida! Tannlegen og. Var til tannlegen her på tirsdag, og der trakk eg pinadæ ei visdomstann. AU! seie bare eg, ikkje fordi det gjer vondt i munnen, men fordi det gjer vondt i lommeboka. Også skal eg tilbake to gonger til og trekke dei to siste visdomstennene mine. Stakkars lille meg.

Også er no NAV ganske treig med å utbetale barnetrygd. Eg har fortsatt ikkje fått den, så eg var inne på NAV kontoret her en dag og spurte WHAT'S UP?? liksom, og der fekk eg tilbake at fordi eg hadde levert inn en stønad som skulle utbetales sammen med barnetrygden, så har barnetrygden opphørt, slik at det ikkje blir så oppdelt betaling, men at eg heller får alt i ett. Men dei kunne garantere meg at eg skulle få barnetrygd i slutten av april, så da får vi bare sjå om det skjer. For no i april skal vi jo ha barnedåp, og det er no mykje som skal betales for. Og det går no ikkje an å betale med en tom lommebok.

Men ellers har eg hatt en grei veke. Var ute påskeafta med gamle venner og vi koste oss mykje. Mariann overnatta med farmor, og eg må sei: det var den værste søndagen i mitt liv. Eg våkner og ser at ho ikkje ligger i senga si, det var ikkje lett for meg. Eg har no alltid vore vant med at ho har vore i huset, men denne dagen var ikkje ho det. Men det må eg nok bare bli vant med. Er mange som vil ha litt tid med Mariann, så eg skal ikkje nekte dem det. Også har ho sove heile natta gjennom i over ei veke! Og det er no ganske deilig. Eg er selvfølgelig litt bekymra over at ho ikkje får i seg nok mat, men her var vi på helsestasjonen på onsdag, på 2mnd kontroll, og der veide vi ho, og ho har gått opp nesten en kilo på tre veker, så mangel på mat får ikkje ho. Ho får egentlig ikkje for mykje heller, ho får akkurat nok, føler eg. Men ho vokser seg sunn og frisk. Og vi er alle fornøgde og glade. Og eg har en liten tru på karma, så eg antar at alle dei dårlige tinga som har skjedd med meg skjer for en grunn, og at noke godt skjer med meg snart! Eg liker no å tru det iallefall. No er det natta for oss her. Blogglisten

1 kommentarer:

Anonym sa...

ammer du ikke?