fredag 16. april 2010

Dåpsoppdatering!

Da var nesten alt klart til dåpen, eller, eg er jo nesten klar da. Gjestelista er bekrefta, veit kva mat eg skal ha, har ordna med kven som skal lage maten, og lokalet er sikra.
Eg er så glad eg har pappa som skal lage maten, og dattara hans. Dei er jo flinke kokker begge to.
Alt som gjenstår er no egentlig dåpskjolen, og den får eg sjå snart! Eg gleder meg sånn.
Neste lørdag skal vi begynne med å pynte lokalet. Da skal eg, Linda og Lisa pynte lokalet. Også skal mamma og pappa og Marianne lage maten, mens farmor passer Mariann noken timer ;)

Det har ikkje skjedd så masse i det siste med meg og Mariann. Ho er no det same gamle. Ho er no en baby, så det er ikkje akkurat så mykje man kan gjer med det. Ho er no flink til å prate når ho er våken, sover når ho skal, pluss heile natta, spiser det ho skal. Men av og til, særlig om morgonen så er ho ganske sur, og griner etter meir. Også har ho blitt veldig flink til å holde hode hennes oppe lenge. Så ho blir bare sterkare og sterkare for var dag som går.

Denne helga blir en helg eg sent vil glemme. Vi kjem til å møte gamle og nye venner. Kan heller fortelle om korleis helga har vore, etter helga.

0 kommentarer: