onsdag 19. mai 2010

Klar for tuuuur!!! Både opptur og nedtur!

For første gong på fem måneder skal eg tilbake til Bergen!!! Blir godt å komme meg vekk fra Måløy litt, selv eg trenger en liten pause. Og det beste er at eg skal ta med Mariann. Vi skal vere der omtrent ei veke, men det er så vanskelig å pakke for små babyer. Og meg sjøl. Kva trenger man liksom? Eg tenker heile tida at eg trenger egentlig ikkje så mykje, for eg kjem sikkert til å shoppe litt når eg er i Bergen, så eg må nok ha plass til litt shoppingklede i bagen. Men neida! den er allerede full med klede som eg heeelt sikkert ikkje kjem til å bruke. Så vi får sjå, ender nok opp med at eg kjem til å kjøpe en ny bag for å få plass til dei nye kleda mine.. Kanskje eg skal ta med meg noken av dei gamle kleda og gi dei til fretex..? Det var ikkje en dårlig ide.

Idag var eg på sjukehuset på Eid, eg hadde et møte med en otroped som skulle vurdere ryggen min. Og det var vondt, han kneip no så hardt i ryggen at det føltes ut som at eg var skikkelig mørbanka etter en skikkelig fyllekule. Vi fant ut det at prolapsen min er ca 1cm stor, og det er relativt stort seie han, så det eg kunne gjer var:
- å enten vente til prolapsen går tilbake av seg sjøl. For han beskreiv prolapsen som en drue, og etter en stund så krymper den sammen og blir til en rosin.
- eller eg kunne operere.
Og med den smerten eg har kvar dag så valgte eg operasjon. Eg har lyst å gjere kjekke ting med dattera mi, å gå tur med ho i fineværet, å leike på golvet med ho, springe etter ho når ho blir så stor. Dei tinga har ikkje eg mulighet til no med denne ryggen eg har no. Og eg har lite tru på at prolapsen går tilbake av seg sjøl med tanke på det at eg har gått med den en veldig god stund.
Så eg veit ikkje om eg skal grue eller glede meg til operasjonen. En ting er no positivt, og det er at eg får den så fort som mulig, slik at eg blir frisk så fort som mulig. Og det er bare bra ;)

Gleder meg til å bli kvitt smertene, når smertene er vekk så skal eg springe på fjellet kvar dag!
Nei, det gjer ikkje eg, men eg kjem nok til å gå på tur med Mariann kvar dag.

Ho lo for første gong idag! Seie vi da, ho har ledd fleire gonger tidligare, men eg husker ikkje datoen, så eg sette en dato no på at ho lo IDAG!
Ho har no begynt å spise grøt også no, og det liker ho! Gir ho omtrent et måltid med grøt om dagen, og minsker på MME, for å prøve å gi ho vatn. Men eg trur ho skjønner at ho blir lurt, at det er vatn og ikkje melk, for ho drikker litt også ser ho bare stygt på meg og spytter ut flaska, og da vil ikkje ho ha meir.
Eg har begynt å gi ho et nytt merke MME, nemlig HIPP! Den syns eg er ganske bra. Også er den økologisk. Så eg bruker den til både MME og grøt. Og det er bare et pluss at Mariann liker det.

Men no må eg nesten runde av. Må gå gjennom bagasjen min til imåra og sjå kva ting eg mangler. Eg vil ikkje glemme noke, selv om vi bare skal vere vekk i ei vekes tid. Men det er no alltid kjipt å glemme noke heime som man veit at man trenger.
Men aller først skal eg ta meg en røyk.

Natta. Blogglisten

0 kommentarer: